Shopping basket
Brurehesten-Sigrid Kjetilsdotter Jore
Introduksjon
Er det sant? Finst det MEIR? Det tenkte eg i 2007, på ein konsert Ragnhild Furholt heldt i Bergen. Eg kaupte plata. Ho hadde jobba med Lindeman sine notenedskrifter og pusta liv i den gløymde songen frå Setesdal: middelalderballadar, viser og gamlestev.Den levande tradisjonen i Setesdal er rik, og eg har vore så heldig å få vekse opp i eit miljø med mange kvedarar rundt meg, både eldre og jamnaldra. Eg har fått lære av Kirsten Bråten Berg frå barnsbein av, og etter kvart fått sitje heime i stoga til Ingebjørg Vegestog, Birgit Rike Lund med fleire, og få stev, bånsullar, religiøse folketonar, ei og anna vise saman med ein tekopp og ei triveleg stund. Med skrekkblanda fryd gav eg meg inn på eit ukjend territorium som student på Noregs musikkhøgskule: Notedenskrifter etter folkeminnesamlaren og spelemannen Knut Jonsson Heddi. Med liv og lyst gjekk eg gjennom KJH sin Liv og leikar, med god hjelp frå kvedelærar og inspirator Øyonn Groven Myhren. Eg var òg heldig og fekk servert notenedskrifter gjort av andre innsamlarar. Ganske fort vart det overordna målet klart: å utvide repertoaret i kvedinga i Setesdal!
Tradisjonen er som sagt rik i utgongspunktet, og då spesielt innan nystev og religiøse folketonar. Men på 1800 talet "tok det heilt av" med nystev i dalen, og det har nok "pressa ut" ein god del av det eldre materialet. Det er dette materialet eg har funne mykje av i notenedskrifter. Eg vil no freiste å føre middelalderballadar og gamlestev inn att i tradisjonen, saman med slåttestev, viser, ukjende variantar av viser og stevtonar som er ein god del nyare men likevel har gått i gløymeboka. Eg har nokre få innslag på plata som er etter opptak og ikkje etter noter, men desse spora er så sjeldne og lite bruka at det likevel ligg under visjonen min om å utvide setesdalsrepertoaret.
Etnisk Musikklubb AS | Phone no.: +47 32 73 56 60 | Fax no.: +47 32 73 56 61 | bestilling@etniskmusikklubb.no |