Shopping basket
Dovre sange- Bjørn Sigurd Glorvigen
Kvedaren Bjørn Sigurd Glorvigen frå Dovre slepper debutplata si «Dovresange» den 6. november på Riksscenen i Oslo. Plata inneheld folkemusikk frå heimstaden. Alt frå skillingsviser, salmer og ballader til bånsullar og springleikar kan ein finna på plata. Med på både plata og på seinare konsertar er Bjørn Kåre Odde på fele og Ådne Svalastog på trøorgel. Konsertar med dei tre inneheld både arrangert folkemusikk og solo kveding. Folkemusikken og folkesongen står ikkje spesielt sterkt på Dovre i dag, og med denne plata håpar Glorvigen at dovringane kan få augo opp for denne kulturarven og ta han med seg vidare inn i framtida. For han er denne kulturarven ein skatt. – Eg fann ikkje denne skatten før eg var vaksen og hadde flytt heimanfrå. Ofte er det vel slik at ein ikkje ser det som ligg rett framom augo sine. Å flytte ut tvingar ein til å finna ut kven ein er, kvar ein kjem frå og kva ein ynskjer å ta med seg vidare. Takka vere framsynte folk som Tor Wigenstad, som spelte inn ulike kjelder og skreiv ned folkesongar, kunne eg lære meg songar etter personar som ikkje lenger er i live. Eg har også vore så heldig og møtt fleire kjelder som lever i dag og lært songar direkte frå dei. Om dei som er med: Bjørn Sigurd Glorvigen er utdanna folkesongar frå Norges Musikkhøgskule, er A- klassing i kveding og har tidlegare sunge i visejazzbandet Østenfor Sol. Utanom soloprosjektet sitt er han mellom anna med i gruppa TRI, som tonesett dikt av diktarar frå Gudbrandsdalen, og gruppa Tidligfolk som speler tidlegmusikk og folkemusikk
Etnisk Musikklubb AS | Phone no.: +47 32 73 56 60 | Fax no.: +47 32 73 56 61 | bestilling@etniskmusikklubb.no |