Shopping basket
Himlaleite - Gabriel Fliflet -Berit Opheim, Jorun Marie
Alde Trio er tre av landets beste folkemusikarar: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song) og Jorun Marie Kvernberg (feler, song m.m.). På plata Himlaleite gir dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet; eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar - eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt.
Kjartan Fløgstad er ein av dei store forfattarane i landet vårt. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn. Mange av songtekstane til Fløgstad er blitt tonesette, nokre av dei har jamvel fått fleire melodiar. Dei fleste finn du, med notar og besifring, i boka Sandharpesongar (Gyldendal 2018).
Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. På denne plata høyrer du ni av dei. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!
Etnisk Musikklubb AS | Phone no.: +47 32 73 56 60 | Fax no.: +47 32 73 56 61 | bestilling@etniskmusikklubb.no |