Shopping basket
I steinen skøre - Steingrim Haukjem
Eg minnes ein fylkeslagskappleik i Veggli so midt på 1960 talet. Då høyrde eg Steingrim Haukjem spela. Og eg minnes vegglingane bar han på gullstol rundt i lokalet etter premieutdelinga. Slik var det den gongen, vegglingane såg opp til Steingrim og ville han vel. Han var helten deira.
Steingrim voks opp som eldstemann i ein syskinflokk på 11. Systera Liv sa det slik. «Me spela alle heime, men det va no Steingrim som dreiv det lengst». Det var mange spelemenn i slekta, både på fele og durspel. Morbrørne Tov og Ola spela mykje. Så det var mange kjelder å ause av for den som vilde lære. Steingrim byrja spela for alvor i 13 års alderen. Dei sa det gjekk tungt for han i starten, han lærde seint sa dei, men det han lærde det sat. Og da det brått gjekk lettare var han full spelemann alt i 16 års alderen. Faren var levande oppteken av felemusikken og han inviterte spelemenn til heimen i Nedre Haukjem. Ein av dei fyrste store som var der var Andres Ødegården frå Svene. Han kom og låg over fleire nettar og Steingrim lærde. Andres var kjent felemakar og fyrste fela Steingrim åtte kjøpte faren av Andres.
Ganske snart kom storspelemannen Steinar Herbrandson Glaim (1883-1919) på vitjing. Han var myllar i Nørdsteåe i Veggli så det var ikkje lange vegen. Ole, bror til Steingrim snakka jamt om desse nettene Steinar var i Haukjem.
Etnisk Musikklubb AS | Phone no.: +47 32 73 56 60 | Fax no.: +47 32 73 56 61 | bestilling@etniskmusikklubb.no |