Shopping basket
Olav Moen og Robert Tøkketangen
Moen og Løkketangen presenterer tradisjon og nyskaping, og har i sitt nyaste prosjekt dukka djupt i folkesongane frå kommunane aller lengst aust i Agder; Gjerstad, Vegårshei, Tvedestrand og Risør. Distriktet er hav og hei, åker og skog, noko som speglar den rike folkemusikktradisjonen her. Duoen har henta fram drikkeviser, arbeidsviser, stev og mellomalderballadar der slit og glede går hand i hand.
Folkemusikken er nærare enn folk trur. Det er ikkje berre noko som finst i Telemark og Gudbrandsdalen, men det er like mykje midt blant oss anten vi kjem frå skogbygder eller øyer, frå øydegardar eller industrisamfunn. Draumen deira er at desse songane kan bli brukt att, anten det er i heimar, foreiningar eller i godt lag.
Moen syng og Løkketangen speler, og det er sistnemnde som står bak arrangementa der det både klimprast og strykast på gitar.
Nokre av arrangementa er tydeleg bluegrass-inspirerte, nokre har ein dåm av verdsmusikk og kanskje orientalske klangar, og andre er solonummer med kveding i si aller reinaste form.
Moen har samla inn folkesong på eiga hand, lært av kjelder både direkte og indirekte, og ikkje minst endevendt arkiv på jakt etter lokalt songstoff.
Etnisk Musikklubb AS | Phone no.: +47 32 73 56 60 | Fax no.: +47 32 73 56 61 | bestilling@etniskmusikklubb.no |